Kven er Kira?

5 min

Ho er den nye direktøren oppe på Dalsåsen, eller Norsk kunstnarsenter Dale (NKD) som det heiter. I januar i år var ho på plass, og Arild Skarsem vart takka av etter 16 år i direktørstolen. No sit vi i det «nye» kule kontoret hennar i Fredheimvillaen. Ho har malt kontoret i ein stilig blågrøn farge og sett saman møblar som passar henne litt betre enn den heller mastodontiske direktørpulten som stod der.

Etternamnet er van Hoegee [Van Hochei] og indikerer nederlandsk opphav. – Eg likar å sei at eg er 2.generasjons innvandrar, ler ho. Begge foreldra er nederlandske, men ho har vakse opp i Bamble i Telemark. Der gjekk ho skogsturar. Her elskar ho å gå fjellturar med hunden, og ho prøver å få med seg det som skjer i bygda. Hunden har ho tenkt å begynne å trene som redningshund i Norske Redningshunder. Og hunden har potensiale. Kira har lært den nyttige saker, som å rydde sine eigne leikar.


Draumejobben

Ho er direktør, men presenterer seg som leiar. Og som leiar har ho ansvaret for kunstnarisk og strategisk utvikling, program, og kommunikasjon. I tillegg er ho på utkikk etter ein ny medarbeidar. Ho har hjelp av Terje Grimen frå Førde til mai/juni.

-Dette er kanskje den jobben eg har hatt mest lyst på i heile mitt liv, fortel ho. Stillingsbeskrivinga var som skrive for meg.

Ho er kjent som ein person med ei markant stemme i kunstfeltet. Ord som inkluderande, engasjerande og ei viktig drivkraft, blir brukt om henne. Stemma hennar er nok også ganske direkte. I kunstverda er språket ofte engelsk, og ho forklarer at det er freistande å bruke KI for at det skal bli heilt korrekt. Men no har ho bestemt seg for å uttrykke seg med eigne ord, i staden for at det høyrest fint ut og så er det eigentleg berre pjatt. Ho kommuniserer fordi ho har noko ho vil formidle.

Noko av det første ho gjorde i direktørjobben var å snakke med dei to etterkommarane av ekteparet Fagerheim. Kira ville høyre kva dei tenkjer og føler. Det vart eit veldig fint møte. Stortingsmannen og nordisten Oddleiv Fagerheim og kona Thora Fagerheim ga heile eigedommen og villaen med interiør til stiftinga.

Tid til å fange idéen

Kunstnarane som kjem hit, må ikkje jobbe fram mot ei utstilling mot slutten av dei tre månadane dei er her. Ho fortel at kunstnarar har eit stadig press på seg på å produsere. – Når du hamnar i produksjonshjulet, stoppar gjerne utviklinga, og ein endar med å «reprodusere seg sjølv». Her kan kunstnaren konsentrere seg om utvikling av eige kunstnarskap, utan å måtte ha eit sluttprodukt å vise fram. Det gjer at ein kan prøve og feile, utan tidspress.

Ein må få tak idéen når den kjem siglande forbi, og ha tid til å utvikle den, teste den ut og la den få bli til noko. Ikkje-resultat-orientert arbeid er veldig viktig, meiner Kira. Ho likar tanken på at alt vi omgir oss med, absolutt alt, har utgangspunkt i ein idé. Ho referer til boka «To catch a fish» av David Lynch. Ideane kjem gjerne når ein går ein tur i skogen, eller snakkar med folk. Som utdanna redaktør og kurator, har ho hatt vegleiing for studentar på fagakademia. – Eg må minne dei på at å gå den turen, og at det også er å jobbe.


Litt sekt?


Styreleiar er valt av Kulturdepartementet, og har vidare valt eit styre som skal representere NKD sitt formål. No er det representert av folk som «er» det vi skal vere, seier Kira, som lurer på kvar designarane og arkitektane som er nemnde i vedtektene er? Ho ser på alt med nye auge. Kven er samarbeids-partnarane? Ho seier at ho ofte stiller spørsmålet KVIFOR? Det er viktig å kunne svare på dei tinga det blir stilt spørsmål om. Murring handlar ofte om mangel på informasjon.
- Men murring? Kira har vore nede i bygda og snakka med folk, og ho seier at intrykket er at det er «litt sekt» her oppe. – Dette er ein arbeidsplass for hardtarbeidande kunstnarar og ein kan ikkje berre gå inn og sjå, men det skal være ope også. Ho kjem til å halde fram med open dag, og det kjem andre arrangement. Det skal ikkje vere så «farleg» å komme opp hit. Kanskje kan ein ha nokre arrangement her som kurs i akt-teikning, og yoga i villaen ville ha passa perfekt. – Barn og unge bør jo få eit forhold til det som skjer her, så kanskje ein Workshop for born? Ho er open for idear, men vil at det skal passe inn i konseptet.


Ein del av samfunnet

Her oppe på Dalsåsen blir kunstnarane naturleg skjerma, meiner ho. - Men dei er her så lenge, at dei treng det sosiale. Dei har sjølvsagt selskap i kvarandre, men å vere ein del av samfunnet, er ein del av livet. To av kunstnarane som er her no, har betalt seg inn på det lokale treningsstudioet. Ho lurer på å gjere det same. Arbeida kunstnarane held på med her, betyr ofte innkjøp av materiale og anna i bygda. For å kunne gjere dei riktige koplingane mellom kunstnarane og ressursane i bygda, har ho allereie gjort seg kjent med staden ho bur på. Det kan bli ei nyttig kunnskapsutveksling både for bygda og kunstnarane.

Vegen inn

Ho er sjølv utdanna kunstnar på masternivå, men kva var vegen inn i kunstfeltet? Har du alltid visst at du ville jobbe med kunst? -Nei, eg ville skrive, og var glad i å fotografere og reise. Draumen var å bli reisejournalist og forfattar, og eg skreiv òg ei tid for Din Side – Reise. Men så møtte eg ein fyr som gjekk på Kabelvåg kunstskole, og flytta opp dit med han. Der bygde ho sitt eige mørkerom, og var ein del av eit kunstmiljø. Seinare drog ho til København og gjekk eit halvt år på ein førskule for kunst, og så søkte ho seg til Bergen og Kunsthøgskulen der. Det var den einaste i Noreg med foto. Hit til Dale kom ho med hunden Smule. Ho har elles ei dotter som er utdanna sjukepleier, og ein son som går på filmskule i Danmark. Etterpå vil han til Kabelvåg og gå på kunstskule.....


Gåvebrev og planar

Kira kjem tilbake til dette med gåvebrevet. Med eigedommen kom òg mykje inventar, store mengder bøker, kunst og porselen.- Dette er ikkje eit museum, men all den jobben dei la ned i dette! Det er viktig å være bevisst på det grunnleggande som ligg i historia. Det finnes koffertar med avisutklipp. All informasjonen burde vore samla. – Her er stoff nok til ein eigen doktorgrad, ein litteraturforskars draum. Oddleif Fagerheim var veldig oppteken av det nordiske, og difor heiter det også Nordisk Kunstnarsenter.


NKD er eit artist-in-residence-senter som opna i 1998, og som tilbyr plassar for kunstnarar og designarar frå Norden. Her får kvar kunstnar sin verkstad og bustad, og dei er her i 3 månader. Senteret er ei sjølveigande stifting som mottek støtte frå Kulturdepartementet. Kunstnarane søkjer seg hit via ein ny søknadsportal (Rimbert) som er på engelsk, men i år er jurymedlemmane norske og danske, og difor er det mogleg å skrive søknaden på norsk.

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst