
Sammen skal vi bidra til å forsterke attraktiviteten til Fjaler - for både tilflyttarar, verksemder, og dei som bur her. Gjennom målretta arbeid med samfunnsplanlegging, kommunikasjon, næringslivssamarbeid og lokale initiativ, vil vi bygge vidare på dei sterke sidene som regionen har.
Leiar for næringsutvikling
Randi Engen har over 20 års erfaring frå privat næringsliv. Som økonomisjef for Havyard Leirvik hadde ho ansvar for økonomistyring, HR og strategisk utvikling. No kjem ho frå jobben som dagleg leiar for Optimera Monter i Førde.
Randi blir ein nøkkelperson i å skape bærekraftig og positiv vekst i Fjaler. Ho vil jobbe med å identifisere moglegheiter for å utvikle det lokale næringslivet og støtte gründerar og etablerte bedrifter i kommunen.
Leiar for samhandling
Leiar for kommunikasjon
Christel Øen som nyleg flytta tilbake til regionen, har med seg erfaring frå ei rekke prosjekt i Avinor, blant anna som kommunikasjonssjef for utbyggingsprosjektet Ny terminal på Flesland. Ho har og erfaring frå reiseliv i inn- og utland, og dei siste åra frå kultursektoren.
Som leiar for kommunikasjon vil Christel arbeide med strategisk og operativ kommunikasjon, sosiale medier og visuell identitet. Ho vil jobbe tett med menneske og prosjekt, skape engasjement og bygge fellesskap. Ei av oppgåvene blir å formidle identiteten og særpreget til Fjaler og regionen.
Foto: David Zadig