Livskvalitet og mogelegheiter
Fjaler ligg i vakre Sunnfjord i Vestland fylke, mellom fjord og fjell, om lag tre timar nord for Bergen. Med sin flotte natur, engasjerte lokalsamfunn og spennande arbeidsmogelegheiter, er Fjaler ein stad der livskvalitet står i fokus, og der menneske i alle livsfasar finn tryggheit og trivsel.
Nærheit til natur
Fjaler har eit flott landskap med fjordar, skog, og fjell som innbyr til både ro
og eventyr. Her får du naturen rett utanfor døra, og kan enkelt kople av med
aktivitetar som turar, fiske, eller padling i dei idylliske fjordane. Samtidig er Fjaler
en kulturkommune, kjent for sitt rike kulturliv, lokale festivalar og eit mangfald av frivillige aktivitetar. Her blir du del av eit miljø som verdset fellesskap og friheit til å
bidra og bløme.
Eit samfunn med plass for alle
Fjaler tilbyr en trygg og inkluderande atmosfære. Her er det kort veg frå idé til
handling, og lokalbefolkninga er kjent for sin opne haldning og hjelpsomheit.
Skule, helse, og fritidstilboda er godt utvikla, med skular og barnehagar som set
borna sin trivsel og utvikling i sentrum.
Jobbmoglegheiter og plass til å vekse
Fjaler kommune arbeider aktivt for å tiltrekke seg nye verksemder og støtte
veksten til eksisterande. Med eit levande næringsliv innan sektorar som fornybar
energi, innovasjon og teknologi, samt reiseliv, finn du arbeidsmogelegheiter som gjev både utfordringar og mogelegheiter for personleg og profesjonell vekst. Fjaler
ynskjer å vere ein kommune der du ikkje berre kan finne ein jobb, men også finne
meining og stoltheit i arbeidet ditt
Balanse mellom arbeid og fritid
I Fjaler kan du balansere arbeidsliv og fritid. Om du søkjer profesjonell utvikling
og meiningsfull fritid, finn du det her.
Velkommen til Fjaler – ein stad for livskvalitet, arbeidsglede og ei trygg framtid!
h
Kontakt oss
Ola Hovland
+47 958 94 683
Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst